Busstur til Bud og Atlanterhavsvegen

Busstur til Bud og Atlanterhavsvegen

11.03.2025
Tirsdag 27.05.25

Tirsdagstreffet inviterer deg med på denne vårturen med buss til Bud og Atlanterhavsvegen. Dette blir ein kjekk tur som du ikkje bør gå glipp av.

Det blir middag på Fænabu kurs og leirstad. Dei serverer sosakjøtt og det blir også kaffe og kake.

Det er Vy ved pastor (i Ålesund Frikirke) Kai-Even Bjørdal som skal ta oss trygt fram. Vi husker han som ein stødig sjåfør, ein bussjåfør med godt humør.

Som vanlig blir det god stemning og sang på bussen og gode historier.

Arild Ove Halås som mange kjenner frå nærradioen (radio sunnmøre) blir med som kjentmann og guide. Med seg han han fru Randi. Påmelding på tirsdagstreffa 18.mars og 29.april eller ved epost til marie@sulafrikirke.no, alternativt SMS på 45513500.

For å vere sikra plass, er det lurt å vere tidlig ute med påmelding.
Dette er ein heil dagstur.
Avreise Frikirke kl.09:00, tilbake til Frikirka ca kl.19:00.

Då håper vi å få reise på tur ilag med deg.

Påmeldingsfrist 13.05.
Du er kun sikra påmelding når du har betalt. Bankkort på tirsdagstreff, eller vipps til #913825
Pris kr.875

Powered by Cornerstone